Orreneset
Bestilling
Kapasitet
Uteområde
Lenker
Kart
Kontakt oss


Eit fantastisk uteområde


Noko for alle!

 

Orreneset har fin tilgang til Nysætervatnet. Vi har naust med 11 kanoar, to VG-seiljoller og to robåtar.

 

Vi har redningsvestar i alle størrelsar, og ved flytebrygga er det også fint å bade.

 

Fotballbana, som kan gjerast om til volleyballbane, ligg også i området attmed vatnet.

 

I enden av tomta ved vatnet, ligg den fine gamma - med bålplass og grillmulegheiter.

 

Om vinteren kan du ake eller gå på ski rundt vatnet og ut i terrenget frå Orreneset. Med bil er det berre ein kort køyretur til skitrekka på Fjellsætra og Strandafjellet.




Utebilde

 

(Klikk på bilda for større versjon)