 Kart og vegforklaring

Korleis finne fram til Orreneset?
Midt mellom Stranda og Sykkylven, i botnen av Strandafjellet, tar du av på vegen til Fjellseter skitrekk og Fausa.
Følg vegen innover til Fausa om lag 7 km frå hovudvegen. Vegen er skilta.
Om sommaren når du kjem fra ferja til Sykkylven/Ørsneset, kan du ta av til Ramstaddal og køyre den vegen opp til Orreneset. Skiltinga er den same. Ver merksam på at denne vegen ikkje er vinterbrøyta heilt fram! 
|